Archive for January, 2015

Bli med på Tårnagenthelg

Laurdag og søndag 07. og 08. februar 2015 inviterer vi deg til å vere Tårnagent i Herøy kyrkje. Herøy kyrkjelyd inviterer alle 3.klassingane i ytre Herøy til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen
Read more…

Familiegudstenester med salmebok til 1. klassingane i kommunen vår

Søndag inviterer vi til familiegudsteneste i både Herøy og Leikanger Kyrkje med mykje barnesalmar. Alle fyrsteklassingane i Herøy skal få barnesalmeboka. Dei frå Herøy sokn kjem til Herøy kyrkje og dei frå Indre Herøy og Leikanger sokn kjem til Leikanger kyrkje. Denne veka er kyrkjelydspedagog, trusopplærar og kantor i gang med å øve på nokre av songane vi skal synge
Read more…

Velkomen til klubb for 6. klasse

Vi starter tysdag 3. februar Klubben blir annankvar veke (partalls veker), klokka 14.15- 16.15. Vi lager litt mat, har ulike aktivitetar og andakt. Stad: den nye kjelleren i Herøy kyrkje. Venleg helsing Anita Reite Onen, barne- og ungdomskoordinator i Herøy Kyrkje. Tlf: 97102223.   Datoar for klubben våren 2015: 3. februar 24. februar (pga vinterferie uke 8) 3. mars 17.mars 14.april
Read more…

Barnekor

Det vert eit nytt barnekorprosjekt i kyrkja. Me ynskjer å taka opp tråden frå bornekorprosjektet som vart avvikla i jula, og ynskjer å halde fram bornekor ved familiegudstenester og liknande. Vi skal øve fram mot 3.klassegudstenesta 8.februar og synge 2 Børudsongar. Det vert øving kl 18-19 desse tysdagane oppe i kyrkja: 20.01., 27.01., og 03.02. Seinere i vår satsar me
Read more…

Kveldsmesse med ANN-HELEN NORDBØ og CERVIX VOCALES i HERØY KYRKJE SØNDAG KVELD

Ei reflektert og spennande dame og eit damekor med suksess stiller opp i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag. Johan Moltu skal leie samtalen med Ann-Helen Nordbø. Han er nysgjerrig på ei firebarns-mor som har vore misjonær og som lever eit skikkeleg kristelegsinna liv. Korleis er det å tru slik ho trur? Korleis ber ho når ho ber? Får ho bønesvar?
Read more…

Opningsfestival

  Program: Ungdomsgudsteneste 19:00 * Ten-Sing Ulsteinvik * Band: Adrian, Thomas, Tobias, Even og Øyvind * Interview med Magnus og Solvor * snorklipping 21:30 blir de intimkonsert i gymsalen med Rolf-Magne Tømte 23:00 blir det intimkonsert i gymsalen med DJ Kjetil Bergerud Larsen, frå Jesus Loves Electro Gratis pizza og kake blir å få i baren, i tillegg til tradisjonellt
Read more…

Julefesten i morgon er avlyst pga orkanvarselet

  Frå Vestlandsnytt: Politiet kjem med åtvaringar før stormen laurdag Sunnmøre Politidistrikt kjem fredag med klare åtvaringar før den varsla storstormen som vil slå inn over Sunnmøre laurdag ettermiddag. Meteorologisk Institutt har varsla vindstyrke opp i orkan styrke utsette stadar laurdag ettermiddag. I tillegg er det meldt om svært høg vasstand laurdag, litt før klokka 14 på ettermiddagen. Også på
Read more…

Alpha-kurs våren 2015 i Herøy kyrkje

Komande veke startar vi opp Alpha-kurs i Herøy kyrkje. Kurset vil bli halde på tysdagar 19.00-22.00 i Herøy kyrkje. I tillegg blir det ein weekend  helga 27.02.-01.03. Kurset er gratis, weekenden har ein eigenandel på 400,- Tema for dei ulike kurskveldane vil bli:   Samling 7,8,9 og 10 vil bli i løpet av weekenden. Kva er Alpha? Alpha-kurs er for
Read more…

Hus til leige eller til sals?

Vi har fått ein ny barne og ungdomskoordinator. Ho og hennar familie bor i Volda, men er på utkikk etter eit husvære i kommunen vår. Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 08 02 60 dersom du har hus til leige eller til sals.

Etterlysing

Det forsvann ei blå boblejakke størrelse 12 år frå Herøy kyrkje den 23.11. 2014. Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 08 02 60 dersom du fekk med deg feil jakke.