Archive for September, 2014

TV Pastor Egil Svartdahl kjem til Herøy

3.-5 oktober er endeleg TV pastor Egil Svartdahl tilbake i Herøy. Egil Svartdahl er den ettertrakta og folkelege forkynnaren som vi kjenner så godt frå TV skjermen. Han er ein dyktig kommunikator av evangeliet for det moderne menneske.   Gjennom program som “Gudesens konditori”, “Søndagsåpent”, “TV pastoren”, “Pastor på prøve”, og dei siste åra med programmet “Reisen hjem” har Egil
Read more…

Fredrik Græsvik frå TV2 til Herøy kyrkje søndag kveld

Fredrik Græsvik er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore tilsett i TV2 i 20 år, og er ein av TV2 sine mest profilerte reportarar og programleiarar. Han har vore utanrikssjef i kanalen, og har hatt spesielt ansvar for TV2 si Midtausten-dekning. Han har også vore programleiar for ei rekkje suksess-seriar i TV2.   Søndag kveld
Read more…

Kyrkjekontoret stengt 25-26 september

Kyrkjekontoret stengt torsdag og fredag 25-26 september pga kurs

“Snurr film” – eit nytt tilbod til ungdom i kyrkjekjellaren

Allereie i to år har UNGE JENTER FRÅ 10.KLASSE og oppover fått tilbod om kjekke filmkveldar i ein privat heim. No er tida inne for å utvide tilbodet slik at enda fleire kan få vere med på dette. Difor samlast vi frå no av i Herøy kyrkje, i lokala til fredagstreffet. Der blir det 3-4 filmkveldar i semester og fyrste
Read more…

Temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje: Dei 10 boda.

Tysdag 30.september er den siste tysdagen denne månaden, og det betyr at det då er klart for endå ein temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje. Emnet denne gongen er Moselova, med Dei 10 boda i spissen. Ein jurist har utforma dette temaet i TV-serien ”Bibelen”. Ho spør gong etter gong i programmet om ikkje bodorda burde ha ein viktig plass
Read more…

Knut Arne Høyvik i Herøy kyrkje

Knut Arne Høyvik er kveldsmessegjest i Herøy kyrkje søndag kveld. Han har vore ein sentral person i fiskerimiljøet på Sunnmøre i ei årrekkje, både som aktiv fiskar, som organisasjonsmann og som politikar. Og han er kjend som ein mann som kan setje ord på meiningane sine, både munnleg og skriftleg. Det som er mindre kjent er at han i oppveksten
Read more…