Archive for March, 2014

Kyrkjebasar – Herøy kyrkje

Laurdag 29.mars kl. 1300 Andakt v/ Mattias Lidehäll Song av Barnekore Noah Loddsal og åresal. Sal av mat og kaffi Alle hjarteleg velkomne! Arr.: Herøy kyrkjeforeining

Norunn Kirkebø Elde om abort og reservasjon i Herøy kyrkje søndag kveld

  Norunn Kirkebø Elde har vore kommunelege i Ulstein i over 30 år, og ho får svært gode skussmål frå pasientane. Ho er også ein dugande  leiar i Ulstein sokneråd. Og ho reserverer seg ikkje i møte med abortsøkjande kvinner. ” Eg ønskjer å vere tilgjengeleg for kvinner i samtale om alle spørsmål i livet, også abort. Eg vil møte
Read more…

ÅRSMØTE I HERØY SOKN

Søndag kl. 1700 i Herøy kyrkje Årsmøtesaker, Program, Mat og kaffe

Ungdomsgudsteneste 28. mars

Alle er velkomne!!

Utstillinga Korsvegen

Kjell Gunnar Overøye viser utstillinga KORSVEGEN  14 bilete frå Kristi pasjon Utstillinga opnar søndag 23. mars 2014 i samband med gudstenesta og blir å sjå i kyrkja sine opningstider ut påska. ”Korsvegen” er ein serie på 14 bilete frå Kristi pasjon. Dei 14 bileta refererer til Kristi offergang frå Pilatus´dommarsete til Kalvarieberget, ein 1 km lang veg frå aust mot
Read more…

Tårnagenthelg i Herøy Kyrkje

  Laurdag og søndag 15. og 16. mars 2014 inviterast alle 3. klassingane i ytre Herøy til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterier. I løpet av helga skal oppdrag løysast og kyrkja, tårnet og klokkene utforskas. Agentane møtast i kyrkja laurdag kl. 12.00 til 15.00 for å utforske kyrkja og å løyse mysterier. Agentane treng ikkje gå
Read more…

Inger på talarstolen

Så flott det er når også “vanlege” folk i kyrkja kan få stå på talarstolen og dele av eigne tankar om tru og liv. I dette høvet handla det også om musikk. Inger Vikene snakka litt idag om ein salme ho er så glad i: “Gud, du er rik” heiter songen. Etterpå song vi alle nettopp den salmen. Tusen takk,
Read more…

Søndagsskulens dag

Veldig kjekk søndagsskulens dag i Indre Herøy Kyrkje i dag! Alle søndagsskulebarna song i lag! Tema for dagen var Kjærleik! Etter gudstjenesta var det kyrkjekaffi, og dei som ville det kunne ta seg ein tur opp i kyrkjetårnet!